Historia

Historia om Russa-Marto finn ein i Bømlo Bygdebok bind 1, s. 292. Denne teksten er fyldigstgjerande, så meir tillèt oss å referera den her:

«Etter segna skulle Marita vera av russisk ætt. Her i bygda vart ho kalla «Russa-Marto». Ho vart kjend med Endre på den måten at ho var kokke hjå tsaren av Russland som var i sendeferd til Kjøbenhavn samstundes som Endre var i militærteneste der. So bar det til at ho skulle ha barn med dåverande prins Carl av Danmark, og for at dette ikkje skulle koma ut, vart det kunngjort for eit norsk regiment av marinesoldatar, som då var i Kjøbenhavn, at den som ville gifta seg med jenta skulle straks verta fri tenesta og få reisa heim. Endre steig då fram og sa seg viljug. Dei vart sende oppover med eit orlogsfarty som skulle til Bergen, og vart sette iland i Øklandsvågen.

Marta hadde ei stor kiste med seg med grovsmidd beslag og lås. Denne kista har vore i ætta si eige til straks før siste verdskrigen, og var kalla «Russakisto».

Det som særpregar denne segna er at mest alle som høyrer til denne ætta veit at dei er av «russaslekta» og kan fortelja segna mykje likt, medan andre utanom ætta blandar den saman med andre segner, og veit seg ikkje å vera av denne ætta. Eit er visst: Endre var «mariner» i den tida dette skulle ha hendt.»

Sjå gjerne diskusjonen på dansk slekts forum om saka:


https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,36728.0.html