DNA

Nokre spør seg gjerne kva DNA er. Då er svaret at dette er ein «tråd» som finns i alle cellene våre.

Eit godt bilete på korleis «tråden» ser ut, er dette;






«Tråden» er forma som ein spiral, ligg i cellekjernen og har klumpa seg i 23 par. Eit slikt par kallast for eit kromosompar. Dei 22 første kromosom para, kjem ca. 50/50 frå kvar av foreldra, som igjen har fått ca. 50/50 frå sine foreldre osv. Dette kallast autosomalt DNA. Det 23. kromosomet er litt spesielt, det eine kromosomparet frå far, kan vera anten X eller Y, og bestemmer kjønnet. For menn er dette Y-DNA, for Kvinner er dette X-DNA. Det andre kromosomparet er alltid X-DNA og kjem frå mor. Til sist har vi eim DNA struktur utanfor cellekjernen, - mt-DNA om kjem frå mor. Sjå meir om DNA og korleid dette kan seia noko om slekt under kvar lekkje;


Kva testar blir tilbudt?

Å ta DNA test, kan alle gjera. Det finns fleire selskap der ein kan få utført ein slik test. Vi har brukt selskapet www.familytreeDNA.com (FTDNA). Dei tilbyr berre slektsinformasjon. Elles kan ein også teste hjå seg hjå www.23andMe.com

 

Hjå FTDNA kan ein ta tre ulike testar;

FamilyFinder kostar ca. kr. 800. Her får ein treff frå alle slektningar som har testa seg, bakover 5 generasjonar, saman med treff lenger ute. Eit par hundre treff vil dei fleste få. Inkludert i denne testen er også treff på X-DNA, så her får ein faktisk to testar i ein.

X-DNA føl med FamilyFinder. Her vil menn få 50% av mor sitt X-DNA og ingenting frå far. Kvinner får 100% av Far sitt X-DNA og 50% av mora sitt. Med å studere X-DNA, vil ein kunne får sikre treff lenger tilbake. I tillegg vil ein snevre inn slektsgreiner. Spesielt ane-linjer der ein vekslar mellom far og mor bakover i generasjonane, kan vera overrepresenterte.

Mt-DNA kostar ca. kr. 1600. Dette er den kvinnelege lina, og verkar som ei «slektsbok» som føl morsida uforandra frå generasjon til generasjon. Somme tider oppstår ein mutasjon. Denne vil alle etterkarane etter den første kvinna som fekk den, også føra vidare. Med å studere mønsteret av mutasjonar, vil ein kunne lage grupper som alle høyrer inn under.

Y-DNA kostar ca. kr. 1400. Dette er tilsvarande linje som mtDNA, men gjeld berre for menn. Men kan teste mt-DNA frå mor si men kvinner har ikkje Y-DNA, og kan derfor ikkje teste Y-DNA. Det må far, ein bror, ein farbror eller ein farbrors son gjera.

 

Initiativtakarane bak Russa-Marto har test-sett for dei som er interesserte. Eit godt råd er å testa og dei eldste i familien, mens dei lever.

 

Så til slutt eit råd til de eldre, testa dåke!

Det er den største gåve de kan gje til etterkomarane dykkar!

 

Om å ta DNA Test

Her er nettadressa til ein video som viser korleis ein tar testen hos FamilytreeDNA. Den er basert på ein spyttprøve frå innsida av kinnet.

 

https://www.familytreedna.com/learn/dna-test-kit-instructions/