Russamarto.no

Hausten 2014 blei det innkalla til eit møte på Bømlo Bibliotek, der etterkomarar og andre interesserte blei inviterte for å diskutera om det var muleg å finna meir ut om Russa-Marto ved å ta i bruk moderne DNA-teknologi.

Denne teknologien reklamerer med at ein kan få kjennskap til slektningane sine 5 generasjonar tilbake. Nolevande etterkomarane etter Russa-Marto er frå sjette og seinare generasjonar. Det me prøver å finna ligg altså lenger tilbake i tid enn det testane eigentleg garanterer, men kanskje me kan vi finna ut noko ved å testa mange nok av etterkomarane?

Interessa for prosjektet har vore stort og det er nedsett ei arbeidsgruppe med Reidar Olav Meling, Anne Berit Mæland, Halvar og Marta Havn, - alle etterkomarar etter Russamarto, og Sigmund Steinsbø. Gruppa har til no testa snautt 50 personar, og me treng stadig nye deltakarar.

Gruppa har starta arbeidet med å setja saman resultatet av prøvane. Ut frå prøvematerialet, kan det verke som om det i tidlegare tid har kome nytt genmateriale frå Aust-Europa andre vegar enn frå Russa-Marto. Dette gjer sjølvsagt arbeidet vanskelegare.

Dersom du ynskjer å testa deg kan du ta ein kikk i DNA-fana på sida vår, gå inn på     

www.familytreeDNA.com (FTDNA, som me brukar), eller evt. www.23andMe.com.

 

Sjå gjerne i gjesteboka vår og kommentèr, eller still spørsmål.

Me takkar for all positiv omtale, lyttar til konstruktiv kritikk og svarar etter beste evne på spørsmål.

La dykk underhalda av det de finn rundt på sida!

 

 

                                                                            Bakgrunnsbiletet er henta frå Bømlo kommune sitt biletarkiv.